Flott vær og god oppslutning om vandring og opplevingar i Nordsjøløypene på Hovdendagen søndag 7. juni 2009

Tekst: Kjartan Godø

domba

Turfolket nyt utsikta mot Domba.

Omlag 80 tilreisande kom på land på Barekstad kai kl.10 søndag i vakkert sommarver. Turleiarane Sissel Strømmen og Astrid Eliassen frå Flora Turlag orienterte om programmet og skapte forventningar hos dei reisande den knappe halvtimen før ankomst til Barekstad. Etter velkomst av Kjell Høivik og praktiske orienteringar, ”trippa” turfolket etter å få ta Hovdenøya i bruk. Mange kom på tredje året – etter opning av Nordsjøløypene sommaren 2007, men svært mange nye ansikt var å sjå. Gledeleg å sjå at kvar femte turgåar var born og unge. Og som tidlegare er turfolk mellom 60-80 og godt representerte!

domba-2

Turgåarane skriv seg inn i turboka i Domba

Interessant var det å registrere at turfolk frå indre og søre strok av fylket – som Naustdal, Førde, Jølster, Holmedal, Askvoll og Solund vil utforske og oppleve øygarden i Flora! Dei lokale turleiarane Oddleif Bareksten og Kjartan Godø formidla ”korte” utvalde kultur- natur- og lokalhistoriar undervegs på turane Barekstad-Domba og Hovdevåg-Kvanhovden fyr. Tilbodet om bilskyss dei fem kilometarane fram og tilbake til Hovdevågen vart sett stor pris på og gav alle som ville sjansen til å vandre Hovdenøya rundt på 4-5 timar (Nordsjøløypekart). Fleire valde strekninga frå Barekstadtun grendahus og over “Vemannsrøysa” til Sildevågen. Dei som valde kortare turar i terrenget hadde god tid og mange følgde bygdevegen til Kittang og fekk omvisning i den særeigne kysthagen og galleriet til Berit og Kjartan.

fyret-2

Dei fleste valgte å ta turen innom Kvanhovden Fyr.

fyret-1

Turleiar Sissel Strømmen nyt finværet på Kvanhovden.

fyret-5

Godt å kvile etter ein lang gåtur.

fyret-4

Kan ein ha det betre ?

fyret-3

Godt med kaffi og nystekte vafler på fyret.

fyret

Minstemann på fyret var Lucas på 8 måneder.

fyret1

og hunden er ein god turkamerat…..

 
Ikonet Kvanhovden med fyret frå 1895 var i år ”bemanna”.  Kinn Kystlag si avtale med Kystverket kom i stand denne våren. Leiar i nyskipa Kvanhovden Fyrlag, Tone Ulriksen Standal heldt ope fyr og var husmor for turfolket. Med flagget til topps på nyrestaurert flaggstang, nytt dobbelt vaffeljern, vasskokar, rennande vatn, kaffi og saft,  var det meste på plass. Salet gjekk strykande, og hos glade turfolk sat adjektiva laust i den mellom-menneskelege praten. – Utanfor var det blikkstille hav mot Sendingane og Frøyaskjæra, skyfri himmel og smak av sommarvarme. – Meir enn 70 menneske var innom fyret denne vakre dagen !

Tilbakemeldingar frå turfolket: ”Kjempefine løyper, godt merka og skilta ” – ”Turbøker i flotte postkassar” – ”Flott guiding til Domba og fyret” – ”God servering på Barekstadtun og på Fyret. Tenk to kafear på øya!” – ”Buss/biltransport flott!” – ”Berre kjekke og hjelpsame folk på Hovdenøya” – ”Vi storkosa oss” – ” Dette må vi fortelje om til mange når vi kjem heim att” – ”Eg kjem neste år og!”

fyret-6

Solnedgangen speglar seg i fyrlykta på Kvanhovden

Velkommen att neste år !

Web-ansvarlig: Per Godø

Foto: Kjartan Godø og Tone Ulriksen Standal