Turfolk likar seg i Nordsjøløypa på Hovden

Tekst av Per Godø

Turbøkene på Hovdenøya som har vore utlagde i tida 10. mai til 14. oktober i år er no samla inn og viser særs hyggelege besøkstal. Det er registrert 824 turgåarar totalt, noko som er ein auke på omlag 20% sidan i fjor.

dalen

Det er spesielt Kvanhovden og Domba som viser ein betydeleg auke i registrerte besøk, medan Vemannsrøysa og Hovdestranda er omlag som i fjor. Tala er som følger: Kvanhovden: 390 (2009) mot 298 (2008), Domba: 183 (2009) mot 115 (2008), Vemannsrøysa: 172 (2009) mot 178 (2008) og Hovdestranda: 79 (2009) mot 89 (2008). – Det er gode tilbakemeldingar i turbøkene som går spesielt på at løypene er veldig godt merka og sikra, og at det er variert natur med mangfald av opplevingar. – Hovdenøya er med i Flora Turlag og Flora Kommune sitt arbeid med å fremje folkehelsa ved å inspirere folk til å gå tur. Derfor har Flora turlag bestemt at turgåarar som har signert i turbøkene på Vemannsrøysa og på Kvanhovden blir med i trekninga om ein årspremie frå Flora turlag for sesongen 2009.