VEDLIKEHOLD AV NORDSJØLØYPA PÅ ØYA

Nye skilt i Norsjøløypa, her ved Kittang

I vintar og vår har grendalaget og bygdefolket arbeidd med fornying i Nordsjøløypa. Mange skilt var slitne og øydelagde av mange år ute i regn og ruskever. Grendalaget bestilte inn mange nye skilt. Dei fleste var på plass til påske saman med turbøkene. Det er sikkert mange som allereie har brukt turbøkene og sett dei nye skilta. Det er også vorte saga, tørka, malt og beisa mange nye stikke/merkepinner i vinter. Framover vil det komme fleire nye merkepinner på plass. Det som vi ikkje klarte før påske, var turboka på Vemannsrøysa. Der var postkassen blitt ødelagt i løpet av vintaren.

No er postkassen reparert på Vemannsrøysa og ny påle er på plass med nytt skilt. Her ser dere kassen nymala, før grendalaget fekk god hjelp av hyttefolket til å få alt på plass på Vemannsrøysa. Vi takker for hjelpa. So no er det berre å ta turløypa opp for å skrive seg i turboka der opp på fjellet. GOD TUR.