Mandag 22.05.23 hadde vi brannvesenet på besøk på øya. Dei gjekk igjennom det som branntilhengaren har av utstyr. Gjennomgang på det som hadde med aggregatet å gjere. Vi rulla ut brannslanger som vi har i vogna og kopla dei saman. Vi prøvde aggregatet og kjørte sjø igjennom slangane. Etterpå måtte vi få vatnet ut av slangane igjen. Viktig å rulle slangane riktig saman igjen. Vi er takksame for at brannvesenet tek turen ut til oss og held oss oppdatert med øving. Skulle vi oppleve å få ein brann på øya, er det viktig å kunne takle brannutstyret.