SOMMARBASAR LAURDAG 20.07.2024

Sommarbasaren til grendalaget vert lagt til laurdag 20.07.2024 kl. 16.00 i Barekstadtun, denne sommaren. Vi har ikkje åresalg som på bilde, men med loddbøker spesielt for barn, loddbøker for vanlege gevinstar til vaksne og loddbok for kakelodd. For den som ikkje er fastbuande eller har høve til å vere på basaren, er det mogeleg å vippse til Fransisca ( Sisca) Broeils mobil 970 96 099. Då er det viktig å skrive kva slags loddbok ein vil ha lodda nedskrivne i og kva namn dei skal stå på. Sisca skriv då desse lodda i rett loddbok fortløpande. Alle lodd kostar kl 10,- pr. stk..

Det er avtalt at torsdag 18.07.24 mellom kl 19.00 og 20.00, førebur ein til basar i grendahuset, Barekstadtun, og då kan den som vil, levere gevinstar til basaren.

Det vert også loppemarknad i uthuset samtidig med basaren. Ein håper å få til ein liten barnekrok på loppemarknaden. Derfor tek Fransisca (Sisca) og Mona gjerne imot lopper framover. Det er også mogeleg å levere lopper tirsdag 16.07.24 frå kl 19.00 til 20.00 for då er Mona eller Fransisca ved grendahuset og uthuset. Du kan også ta kontakt med dei på Fransisca sin mobil nemnt ovanfor eller Mona mob. 917 04 130 om lopper. Plassmangel gjer at ein ikkje kan ta imot kler, møblar eller kvitvarer.

Håper mange vil møte opp på basaren. VEL MØTT.