TAKK FOR STØTTA.

Barekstad/Hovdevåg Grendalag takker alle som tok lodd, kjøpte mat og drikke, ga gevinster, bakte kake, vaska og ordna til basaren laurdag 20.07.2024. Takk til dei som kom med lopper og kjøpte lopper og ikkje minst dei som ordna fint til i uthuset og tok seg av organiseringa av loppemarknaden. Takk til handelsstanden i Florø som ga oss gevinster. Uten alle desse frivillige, ville det vere longt vanskelegare for grendalaget å få gjennomført basar og loppemarknad. Grendalaget fekk inn ein god del penger som hjelper oss med vedlikehald, faste utgifter m.m. Ovanfor er det bilde av nokre av barnegevinstane som vart lodda ut.