Ruteinfo

Hurtigbåten “Øyservice” på veg til kai i Barekstad

Ruteinformasjon og reiseplanlegger finn du hos Skyss Velg Barekstad kai som stoppestad.
Skal du ha med bil må du tinge plass til denne på førhand, hos Fjord 1.

Hurtigbåten går regelmessig frå F,lorø i rute til øyane i Florabassenget. På kvardagar har båten 5-6 anløp, og 2 på laurdagar og søndagar. Barekstad er hovudstoppestad på øya. Domba har avgrensa rutetilgang i sommerhalvåret. Båtturen er komfortabel og tek 30 min med dei kortaste båtavgongane frå Florø. Frå Florø går det ekspressbåt til Bergen, og bussruter og direktefly til Bergen og Oslo. Til dømes kan du reise med fly frå Oslo og komme til øya same dag. Det er omlag 10 kilometer med vegar på øya, som gjev fine sykkelopplevingar.

Kart som viser båtrutene frå Florø til øyane i nordre basseng