hovden-barekstad.no

AVVIKLA PÅSKEBASAR 2022

Påskebasaren som var skjærtorsdag 14.04.2022 kom med det flottaste veret vi kunne tenke oss. Grendalaget var heldige med dagen. Det gode veret gjorde at folk kunne vere ute og rundt grendahuset. Det kom vel med, for folket på øya var flinke å møte opp. Tok masse lodd og vi håper at dei fleste sette pris på basaren, sjølv om det var trongt inn i grendahuset. Kaker og kaffi, brus og is, var det rikeleg av. Grendalaget må berre takke alle som stilte opp på dugnad, kakebaking, kom med gevinster og støtta grendalaget som fekk inn litt over 37. 000,- kr. Bildet over viser det meste av barnegevinstane frå basaren og noko av gevinstane på resten av loddbøkene.