Velkommen til loppemarked i grendahuset Barekstadtun, laurdag 05.08.23. mellom kl. 12,00 til 16,00. Fransisca, Marianne og Mona har stått på i fleire dagar for å samle inn lopper i Barekstadtun. Her er mange gode «loppefunn» i kjelleren og noko vert kanskje utandørs om veret tillet det. Vi har teke bilde av ein del som er å få kjøpt, men bildene viser ikkje alt.
Det vert kafèsalg med kaker, vafler og kaffi oppe i hovudetasjen. Vi håper på ein spennande laurdag med mange forskjellige «skatter» og at det samtidig vert nokon koselege timar i sosialt lag.
Inntekta går til Barekstad/Hovdevåg grendalag.
Vel møtt.






