Loppemarkedet laurdag 05.08.23 i Barekstadtun var vellykka. Mange var innom kjellaren i grendahuset og fant noko dei kunne nytte. Oppe i hovudetasjen gjekk kakesalget også unna. Etter oppsummering av laurdagen hadde dei 3 damene, Sisca, Marianne og Mona solgt for vel 9 500,- kr som kjem grendalaget tilgode. Vi takker damene for initiativet og arbeidet dei har lagt ned. No har vi bestemt at det også vert opna opp for salg av lopper på Hovdendagen 26.08.23 i kjelleren. Kanskje vert det også fylt på med litt flere lopper. Vel møtt 26.08.23.