
Våren kjem snart og turbøkene på Kvanhovden, Domba og Vemannsrøysa skal ligge i postkassane klare for dei som vil gå tur. Grendalaget er glad for alle som skriv seg i bøkene og viser oss at dei brukar Nordsjøløypene. Det gjev oss energi til å holde stiane nokolunde bra merka og opne. Dette er eit arbeid som krev ganske mykje tid og krefter for arbeidslaga.