HOVDENDAGEN SØNDAG 12 JUNI 2022

Foto: Sølvi Bareksten

HOVDENDAGEN er lagt til søndag 12 juni 2022.

Alle er velkomne til vandring og oppleving i Nordsjøløypene på øya Hovden. Dette er i samarbeid med Flora Turlag.

På øya er det omlag 25 km med merka løype. Det er fleire traseer å velge mellom. Ein kan gå rundt øya eller ein kan gå tvers over øya med utsikt til alle kanter. Ein kan også ta seg til det høgste punktet, Skårakinna som er oppe i 310 meter. Kvannhovden er eit populært turmål. Vemannsrøysa oppe på fjellet gjev god utsikt. Bygdefolket vil guide og vere med i løypene.

Ta gjerne med sykkel då øya har fleire kilometer med veg og er godt egna til ein sykkeltur.

I grendahuset, Barekstadtun, som ligg like ved rutebåtkai, serverer bygdefolket suppe, kaker og drikke. Grendahuset er ope so lenge det er turgåare på øya og siste båt er gått.

På rutebåtkaia i Barekstad er det sanitærrom med toalett og dusj.

Det vert båtavgong frå Florø om morgonen og retur med ettermiddagsrute og ekstrabåt om det er naudsynt.

Vi kjem tilbake til detaljer om båtavganger, tidspunkt, billetttpriser m.m.

Sjå også Flora Turlag sine sider om denne dagen: Hovdendagen 2022 — Turer og aktiviteter — Flora Turlag (dnt.no)

SET GJERNE AV DENNE SØNDAGEN TIL Å BESØKE ØYA. DU ER VELKOMMEN.