
Bilde frå sommarbasar 2025 i Barekstadtun.
Grendalaget i Barekstad/Hovdevåg legg sommarbasaren 2026 til laurdag 18.07. kl. 16.00 i grendahuset, Barekstadtun.
Vi satser på at det er mange ferierande, fastbuande og andre i bygda som vil støtte opp om arrangementet. Som vanleg vert det kafè og høve til å kjøpe kaker, kaffe, brus og is.
Grendalaget har som vanleg loddbøker for vaksne, eiga loddbok for born og for kakelodd. Det vert også ei eiga loddbok for 2 maleri som Anita Steinset har måla. Vi må få komme tilbake til maleria, når grendalaget har bilde av dei. Alle lodd kr 10,- pr stk.
For den som ikkje har høve til å vere på basaren, men som vil støtte grendalaget med å kjøpe lodd, er dette mogeleg. Barekstad/Hovdevåg Grendalag har no fått eige vippsnummer: 963690 som ein kan vipse til. Det er viktig å skrive i vippsen kva slags loddbok ein vil ha lodda i og kva namn lodda skal stå på. Då prøver vi i grendalaget å skrive ned lodda so raskt vi klarer. Er det nokon som tek lodd fysisk i loddbøkene og so vippser pengane, er det viktig å skrive i vippsen at lodda er skrivne i bøkene. Vanskeleg for grendalaget å ha oversikten elles.
Det vert opent i grendahuset torsdag 16.07.26 mellom kl. 18.00 – 20.00 om nokon vil levere gevinster til basaren. Då ordner grendalaget i grendahuset og gjer klart for basaren.
Det vert ikkje loppemarked i uthuset denne dagen.
Velkommen på basar.
