Velkommen til Barekstadtun på 17 mai 2023, kl 16.00. Der vert det salg av kaffi, kaker, is og brus for den som møter opp og vil delta på enkel samkome i grendahuset, Barekstadtun. Vel møtt. Inntekta går til grendalaget.
PÅSKEBASAR 06.04.23
Her ser dere ein del av gevinstene som Grendalaget var so heldig å kunne lodde ut. Takk til alle som har spøta og hekla i vinterhalvåret. Takk til alle forretninger i Florø som har støtta oss med gevinster og gavekort….
JULEHELSING
Vi ynskjer alle fastbuande, hyttefolk og alle andre som har tilknytning til øya eller er innom nettsida vår, ei riktig god jul og eit godt nyttår. Håper vi kan vere litt meir aktiv og flinkere til å ta bilete som…
Novemberkafè, 13.11.22
Vi ynskjer velkommen til kafè i Barekstadtun søndag 13.11.22 kl. 14.30 til 18.00. I mørketida er det fint å komme saman over ein kaffikopp og litt prat. Inntekta går til grendalaget. Vel møtt.
JONSOK I BAREKSTADTUN KL 19.00
Det vert jonsokfeiring i Barekstadtun torsdag, 23.06.2022, kl 19.00. Vi håper at flest muleg vil komme på jonsokfeiring i grendahuset, Barekstadtun, kl 19.00 på jonsokafta. Grendalaget lager til rømmegraut med spekemat og kaffi og kaker. Sidan “vèrgudane” ikkje ser ut…
HOVDENDAGEN SØNDAG 12 JUNI 2022
HOVDENDAGEN er lagt til søndag 12 juni 2022. Alle er velkomne til vandring og oppleving i Nordsjøløypene på øya Hovden. Dette er i samarbeid med Flora Turlag. På øya er det omlag 25 km med merka løype. Det er fleire…
17 mai i Barekstadtun.
Kafè i Barekstadtun, grendahuset, på 17 mai 2022, kl 16.00. Flinke damer stiller opp og lager rømmegraut med tilbehør. Kaffe og kaker m.m. Alle er velkomne. Inntekta går til grendalaget.
VEDLIKEHOLD AV NORDSJØLØYPA PÅ ØYA
I vintar og vår har grendalaget og bygdefolket arbeidd med fornying i Nordsjøløypa. Mange skilt var slitne og øydelagde av mange år ute i regn og ruskever. Grendalaget bestilte inn mange nye skilt. Dei fleste var på plass til påske…
PÅSKEGUDSTJENESTE
Det vert påskegudsteneste i Barekstadtun 2. påskedag, 18.04.22 kl. 11.00. Grendalaget håper at ikkje alle påskegjestane på øya er reiste og finn vegen til grendahuset den førmiddagen. GOD PÅSKE
AVVIKLA PÅSKEBASAR 2022
Påskebasaren som var skjærtorsdag 14.04.2022 kom med det flottaste veret vi kunne tenke oss. Grendalaget var heldige med dagen. Det gode veret gjorde at folk kunne vere ute og rundt grendahuset. Det kom vel med, for folket på øya var…